tirsdag 31. desember 2013

Godt Nyttår!!!!

 Nyttårsafta vart feira i "Marøyne" med Siv og Co., og me vart traktert etter alle kunstens reglar. :)

På vei heimatt svippa me innom Myking for å ønska gjengen der Godt Nyttår, og eg fekk knipsa litt bilder av rakettar - men nokså uklare, fordi ein-hånds-håndtering av kameraet, og ei ivrig Ylva på andre armen tilsa ikkje akkurat at kameraet vart holdt i ro.... ;)

Utsikt frå terrassen til Ann-Kristin og Tomas




Tomas var sjefs-oppskytar for anledningen :)



 Og med Pernille som smiler pent (utan framtenner), så ønsker eg herved alle sammen eit riktig GODT NYTT ÅR!!!





torsdag 26. desember 2013

Rampeungene i fri utfoldelse :)

Som tidlegare kom Steffen og Linea på besøk i romjula, og når da vart sånn någenlunde opphold var det berre å pelle seg ut for å få brent litt energi hjå rakkarungane. Joakim var i ekstase over å få sjå att ein lenge etterlengta elektrisk traktor, og freste rundt på markane på Nordanger så skitspruten stod ;)
-og det var berre å hoppe unna når Lynet Joakim var i farta - han tok ikkje hensyn til at det stod nokre tupper (Ylva og Linea) i vegen....!
 
Linea, lettare sjokkskada over onkel Joakim ;)
 
Finaste Linea <3

Ylva sjekker kva Pernille heldt på med - ho er ivrig opptatt med å rulle seg i noko "velduftande" noko... ;)

Jentene mine det <3
Det går ganske så fort i svingane innimellom, men utruleg nok har ikkje dei store kræsja inntruffe endå.


Finaste Joakim, på traktoren sin :)
Ylva, alltid like blid :)
Linea og Ylva

Sjekk gliset ;)



Linea fekk ikkje prøva gliset til Joakim ;)

Pernille fant ut at det var tryggast å krype gjennom gjerdet til naboen, farleg denne traktorkjøringa! ;)

ENDELIG!!!! :D

Ylva forklarer litt om korleis traktor og sånt fungerer. Trur eg. ;)




Pappa og bestefar Bjørnar med gulljentene ;)
 
Tobias og Vilde kom også på besøk, og Tobias var OGSÅ litt snurt over å ikkje få prøva ein viss traktor......! ;)


onsdag 25. desember 2013

Julafta 2: Steffen og Linnea på besøk


Steffen og Linnea kom på besøk, og då tok me resten av julefeiringa saman med dei. ;)


Ylva var strålande fornøgd med ny, rosa badekåpe ;)
 Badenymfene Joakim, Ylva og Linea hadde det veldig kjekt saman i badekaret:

Ylva

Linea

Joakim

Og klovnen Ylva igjen ;)


 
Badekåpene falt i smak, ja! :D




Joakim som ivrig pakke-utdeler ;)

tirsdag 24. desember 2013

Julafta 2013

Joakim var i fyr og flamme heile julafta, og så ivrig etter å hjelpe til at det gjekk nesten gale med både grautkoking og dekking av bord. ;)


 

Lollo kom innom ein tur, og vart så glad for å bilde "av ungane" som Joakim så fint kaller seg og Ylva. ;)



Juletreet vårt var *litt* i breiaste laget nede... Jaja, pytt sann.

Eg fekk det tvilsomme oppdraget med å vera julenisse. Ungane skjønte jo sjølvsagt at det var meg med ein gong, men godtok at dette var ein "mamma-nisse". Beklager bildekvalitetet - eg skylder på fotografen, som for anledninga var gubben i huset ;)

 
Det var pakkar i fleng - og Joakim og Ylva var aldeles i hundre heile kvelden. :)


fredag 20. desember 2013

Juleferie!!!

 
Dagen var omsider komen, og vekesvis med nitidig planlegging, måling, utprøving og testing (jada, det var berre eg som gjorde det....) av bagasje, hundebur og dill som skulle vera med oss heim til Norge. For inn i min vesle Berlingo skulle me altså klare å stua 3 hundar (med kvar sine flybur), 2 ungar, 2 voksne på veien opp til flyplassen - og 3 voksne på vei heimatt ;) Alle skulle sjølvsagt ha sin bagasje med seg, og størstedelen av julegavane skulle også vera med på lasset. Men det er utruleg kva som går inn i ein Berlingo, og alt fekk i allefall plass på veien opp til flyplassen.
 
Me hadde bestillt parkering på Schiphol i god tid i forvegen, og sparte ca. 500 euro på å gjere det. Strålande fornøgd med å ha spart så mykje pengar, kom me opp - og fant at alle portane der ein kjører inn, dei hadde eit stort, raudt kryss når me kom.... Så kom det ein hyggeleg mann bort og banka på vindauget vårt - og sa at me hadde for høg bil til å koma inn! (takboks...). Men det var ikkje noko problem, for me kjørte berre nokre kilometer unna, og så tok me toget tilbake til flyplassen. Eg kjente eg svetta straks han sa det - for èin ting er å håndtere dei tidligare nevnte 3 hundane og 2 ungane på relativt korte avstandar inne på flyplassen - noko heilt anna var det å skulle få alt dette med seg inn - og ut av eit tog!
 
Eg blånekta, og sa at eg kunne ikkje forstå kvifor me ikkje kunne få parkera der me hadde betalt for det - det måtte vel gå an? Jau - etter mykje om og men fekk me det. Men me måtte då kjøre ut at samme vei me kom inn, for ellers måtte me nedover i etasjane i parkeringshuset for å komme oss ut, og då vart bilen for høg. Puh - som sagt, så gjort.
 
Første etappe vel overstått, så var det å få pakka ut av bilen, opp på bagasjetraller - og sette avgårde. Eg hadde Luna, Dida og Pernille i bånd - og etter ca. 50 meter med kjefting, vart ein litt fornærma Joakim satt i bånd også + ei bagasjetralle som var fullasta med bur og bagasje, og Bjørnar hadde ei tralle som var like full - med frøken Ylva på toppen.... Jada, me fekk nokre blikk når me toga innover på Schiphol. Men det gjekk heilt fint - man må berre ha logisikken godt planlagt, vettu! ;)
 
Utan vidare forsinkelsar - unntatt x-antall skjema som må fyllast ut hos KLM for å sende hund - så kom me oss på flyet heim til Norge.


Fine utsikten på vei til juleferie. :)
 

Ipad er ein drøm å ha med til utålmodige gutar med lopper i blodet på eit fly ;)
Frøken Ylva sovna som ein stein, og sov heile veien heim. Deilig! :D


Pappa Bjørnar måtte kikka litt på tegnefilmen på ipad'n han også ;)

Fineste <3