fredag 19. september 2014

Planleggingsfantomet

Eg er eit organisert menneske - eller, det er i allefall det eg likar å sei til meg sjølv. Ikkje på overflata, og slett ikkje alltid - men gi meg eit skap eller ei skuffe som eg kan bruke eit par timar på å sortere og justere, ommøblere og organisere - ja, då er lykka komplett. Det pleier ikkje å holde så lenge, for stort sett er det jo fleire enn eg som brukar skuffer og skap i husholdet - og når ikkje systemet blir overholdt til punkt og prikke - ja, då sklir det ut. Men pedanten i meg eksisterer - ho blir berre litt overvelda av kreative (og rotete!) innfall i blant.

Ein annan ting som ligg djupt forankra i meg, det er planar. Timeplanar, vekeplanar, årsplanar, I LUVVV IT. Ikkje så mykje å faktisk utføre planane, men det å planleggje dei. Det er ikkje utan grunn at eg i 99% av tilfellene påtar meg oppgåva som dedikert reise-planleggar, -organisator og -guide når ein skal ut på tur.

Fiiiin og ny agenda :)
Og det kjekkaste eg veit med å lage planar? Det er heilt nye, fine, blanke bøker. Alt frå "sjuande sansar" til dagbøker og notisblokker (med fin utside, ugler, blomster, retro-motiv).... Gotta have it all.....! Men - så dett jo glansen bort etter ei stund. Når den fiiiine nye ugle-boka, med nøye og vakkert skrevet løkkeskrift på første sida, sklir ut i omtrent uleselege notatar gjort med ein telefon på øret, ein 2-åring i eine armen og ein 4-åring som haler og slit i andre armen (ja, den du skriv med!) - ja, då blir eg litt vonbroten. Men så har eg jo sjølvsagt mange skrivebøker å velga i, så då går ein på med stor glede på ein ny og uskriven bok.

Men innimellom så må ein jo faktisk gå litt tilbake - for var det ikkje noko lurt ein hadde tenkt baki der eingong? Og når var det ein egentleg skulle avgårde og vaksinere ungane - har hundane fått vaksinene sine? - og så byrjar jakta på den "rette boka". Og i desse jakt-tider, då får eg meg nokre innblikk i korleis hjernen min fungerer (eller ikkje fungerer, alt ettersom...)

Ta for eksempel denne:


Ideer til prosjekt - så langt er det jo forsåvidt forståeleg for dei fleste. Akkurat kva prosjekt det er snakk om er eg ikkje sikker på - det er mogleg det var foto-prosjektet mitt i vår...
Men vidare ned på lista: "Ungane foran bilde av seg sjølv" - jaha? "Tygd på av Dida" er endå meire kryptisk. OK, ho er ein hund med ein stor lidenskap for tygging, men eit prosjekt av det? Hmmmmm..... Den siste trur eg at eg har eit "mentalt bilde" av; "Ri på Pernille?" er nok det eg tenkte på når eg skulle krympa ungane i fotoboka eg lagde.

Linja nedanfor kom frå dagens uheldige speil-mot-speil-møte med den fine, nye bilen vår.... (Men spørs om eg hugsar dei kryptiske notatane eit halvt år fram i tid!)

Akk ja, uansett går 2014 mot slutten, og då kan undertegna anskaffa og nyta ei heilt ny (eller fleire!) agenda, planleggarar og notisbøker med god samvittighet.

Så får det heller våga seg at alle får eit anslag av "moderne kunst" etterkvart, for datterbarnet har ein like stor forkjærlighet for desse bøkene som sin mor:

Kunst à la Ylva :)


Ha en fortsatt pedantisk dag! :)





onsdag 17. september 2014

Madurodam - Nederland i miniatyr!

No er det ikkje mindre enn eitt år sidan me flytta til Nederland - og me hadde endå ikkje somla oss til å besøka Madurodam - Nederland i miniatyr. Og det til tross for at det ligg berre 10 minutter unna oss.... Vel, i dag hadde Ylva fri frå barnehagen, og Joakim fekk (aller nådigst) fri frå skulen til å tilbringa dagen saman med storebror Christer - så me reiste til Madurodam. Strålande sol og 25 grader gjorde underverker, og me følte me var i Syden alle saman. :)

Ein imponierende park med intrikate detaljar og flotte ting å sjå på - men kanskje litt vel kjedeleg for dei minste, siden ingenting kan rørast der.... Men stilig var det uansett. 

I tillegg fekk me forsøka oss i ein 3D-scanner, og fekk med oss 3D-bilde av oss alle samman på ein link. Riktignok var det ikkje så enkelt for ei lita Ylva å stå heilt i ro på scanninga, men artig var det likevel. Men ikkje så artig at eg kjem til å bestille ein figur - ein figur på 15 cm koster nemleg: 129 Euro!!! (ca. 1070 kr!) 

Etterpå hadde me oss ein tur i parken med hundane - før me avslutta dagen i Scheveningen på stranda, med blomsterpotter som drikkeglas. Nei - eg tullar ikkje - sjekk bildene....! ;)

Men først - Madurodam - bildene:






Det å stå i ro, sjå på masete fotograf-mamma - og smile samtidig, det går ikkje. Nei, får holde at dei stod i ro. I 2 sekunder.

Storebror og lillesøster på tur ;)



Kråka er liksom litt utenfor målestokken ;)



Små go store venta på at toget skulle koma
 Sjekk denne kråka - ho ventar på at toget skal kjøre forbi, før ho ser seg nøye om - og krysser togskinnene!!! Ikke dum! :D







Her er det slusene som åpnast/lukkast :)

"Jeg og du og vi to - seilte i en tresko!"

Etter Madurodam og tur i parken var det tid for middag og avslapping på strandpaviljongane i Scheveningen. Me bestilte "Large" drikke - og det var altså orkidè-blomsterpotter! Dei hadde XL og XXL også... Eg berre lurer på kor store dei var! :D



Frøkna storkosa seg :)

Ei stk Large øl - og eit XL-smil ;)

Pappakos <3 
Greit å ha ein storebror som kan redde - når ein "plutseleg" står fast oppå ei leikehytte.... ;)

Fornøyde etter ein fantastisk kjekk dag!!! :) SMIIIIIIL!


Vlietdagen i Voorburg

 Lørdag var det tid for Vlietdagen i Voorburg - eit sammensurium av aktivitetar for små og store; masse veteranbåtar på rekke og rad oppover kanalen til Voorburg, veteranbilar og -traktorar, modellbåtar, ansiktsmaling, marked, hesteridning, gamle hestevogner osv osv.

Nedanfor kjem eit lite innblikk i dagen ("lite" i min verden er ca. 40-50 bilder....) - me storkosa oss :)

Første veteranbil om dagen - og stort sett det einaste eg og mannen er enige om når det gjeldt bil: Ei sånn vil me ha! :)

Far og sønn koser seg på kafè :)

Mannen kikkar på klokketårnet - som spilte "popmusikk" for anledningen! ;)

"Henne kjem musikken frå, mamma?"

Rakkarungane i fri utfoldelse :)

Mykje fint å sjå på på markedet :D

Ylva fant seg ein bitteliten blomst <3

Cola må til! ;)

"AAAAAhhhhhhhhhhhh" :D

Ei "gammal" dame trengte hjelp til å lese kartet :)

Joakim traff på Peter frå klassen sin, og alle var klare til å teste hestevognene.

Gutta boys sjekka oste-lasta

Ylvas motto er: "Klare SJØL!"

"Ikke hjelpa, pappa!" Neivel. 

Fine jenta vår <3
Ponniriding var også ein av tinga på plakaten i Voorburg, og eg trur ikkje eg har sett Joakim så kry på lenge - dette var stas!!! "Kan me få oss hest, mamma?"-spørsmålet kom etter ca. 2 sekunder. Eh - nei, ikkje akkurat no, gutten min! ;)



Så var det tid for å sjå litt på veteranbåter og traktorer m.m. - og dette var det nok mannen som satte mest pris på ;) Eg likte godt denne knall-gule bilen, og ser for meg at eg kunne godt hatt ein sånn ein. Suuuuper hundebil? ;)



(sjekk lykken i blikket) :D

"Ta bilde av den motoren!!" sa mannen. Så eg gjorde det. Men eg synes ikkje den var så fin, altså.....

BROOM-BROOM!!!

Stilig skilt - skal det vera ei lita øl?
 Fleire motorer og diverse:



Så var det modellskipa som stod for tur - imponerande detaljer på desse!!!



Bare se - ikke røre! (ooooh så vanskeleg for ein liten gutt.....!!!)



Før me tilslutt runda av med å handle litt på det allsidige markedet i Voorburg - deilige pølser, tapas, frukt, ferskt brød - mmmmmmmm, dette er noko me virkeleg kjem til å savna når me flytter heimatt....!



Ungane fekk seg ein runde på karusellen - billettene var nesten like kule som sjølve turen ;)




"Wiiiiiiiiiiiiiiiiii" :D
 Me fekk også omvisning på ei speider-skute som låg fortøyd i Voorburg - gjett om ungane var kry!



Dagen vart avslutta med å lage lyslykter, og så få litt ansiktsmaling på toppen:


"Eg vil vera pirat! Arrrrrrrrrh!" :D


Prinsessa vår <3

Arrrrrrrgh 2!

<3 <3 <3

På vei heimatt gjekk me forbi parken, og der stod denne vakre skapningen å kikka på oss. Dådyrauge - jepp!

Og når enden er god - er allting godt :D