torsdag 24. april 2014

Eg e' ingeniør, for pokker!



Innimellom står ein ovanfor store utfordringar. Utfordringar som kan virka aldeles umulige. Der fysiske lovar sluttar å gjelde, og sunn fornuft ikkje lenger er eit tema.

Og ein veit at det einaste ein kan gjera, er å kjempe vidare.


Når ein må ta kampen åleina - ja, då kjenner ein verkeleg kor tungt det er....

-Ein treng motivasjon og sterk vilje for å fortsetja - kampen som kjem, må utkjempast, uansett kor tøft det blir.




Det er i sånne stundar at eg bit tenna saman, og tenker for meg sjølv: "Eg e' ingeniør, for pokker!! Ikkje tale om at eg skal la meg knekka av dette! Fysiske lovar og kraft vs masse skal utfordrast - Det vert tøft - ja, men eg skal gå seirande ut av denne kampen!"





Minuttane går - sekund lange som vonde år - svetten sil og bannorda sitt laust.... Eit skritt fram og to tilbake - før omsider:




(Dette er utan tvil eit illustrasjonsfoto!) :)










Stretch lakenet har kome på dobbelsenga. *PUH!*


BTW - I feel you, sister:

torsdag 17. april 2014

Påskeferie - dag 6: Efteling - endelig!

Heilt sidan me var i Efteling-parken for første gong for to år sidan, har Vilde også drøymt om å reisa til denne parken. Og det at me no skulle gjera det saman når dei kom til Nederland - det trur eg var endå større enn å skulle fly for første gong! :) Vel, omsider var dagen kome, og me satte kursen mot den fantastiske eventyr- og fornøyelsesparken Efteling! 

Rapunzel og heksa som klatrar i fletta hennar

Rimelig bergtatt publikum ;)

Tobias og Ylva studerer nøye!

Joakim, Vilde og bestemor likeså ;)
Ein av dei store attraksjonane er utan tvil denne dragen. Om nokon forsøker å stjele skatten hans, så knurrar og blåser han ut røyk så det heldt. Skummelt! Og kult! :D





"Mamma, eg e´ikkje redd for draga!"



Godt å ha ei Vilde til å trøste når det vart litt skummelt ;)



Hans og Grete i heksa sitt godtehus:




Tobias forsøker å stjele kakene til heksa ;)


Mor Hulda lager snø, det kjem frå fjæra i sengetøyet hennar: 


Snøhvit og dei sju dvergane:



Kule duer ;) Eg vil ha sånne rosa i hagen!







Ein liten is-pause må alltid til! 













Tomas og Tobias på karusellen - eg måtte berre legge ut desse bildene! :)



Veldig vakkert, Tomas! :D


:D
Etterpå testa me ein annan karusell - ungane var tøffare enn foreldrene, som holdt på å spy ;)








Damplokomotivet gjennom parken er også ein slager:


Det vart ingen tur i Keukenhof for oss, men me fekk sett plenty med flotte blomstrar likevel: 



(Ann-Kristin hadde ein streng alvorsprat til Tobias og Joakim, som ikkje var heilt enige) :D
Utsikten frå pagoden som går "milevis" opp i lufta - kven trur dere tok den? Jo, undertegnede, bestemor, Tobias, Joakim og Vilde. Og dei andre pysene stod att på bakken ;)











Hallo, pysa! :D





















Litt skummelt etter ein heftig "båttur" i båten som svingar opp og ned! :)

Me tok ein runde i gammle veteranbilar - Vilde var sjåfør:

Ylva hadde fått litt vind i håret ;)




Ein heil dag i Efteling var over - endå rakk me ikkje over alt! Og med ein time å kjøre heimatt var det berre å administrere colaen så trollungane holdt seg våken til me kom heim ;)