I helga har me vore på weekendtur til Hamburg og Bremen. Bilen vår skulle tilbake til forhandlaren for bli skrudd litt på, og i mellomtida har me fått låne ein skikkelig innrøykt Ford S-Max (hurra....).
Alle bildene i dette innlegget er tatt med mobilen, og eindel i høg fart på motorveien (nei, eg kjørte ikkje, det tok mannen seg av! :D)
 |
| Container-havna i Hamburg er alltid eit imponerande syn! |
 |
Det er ikkje få containere stabla her, liksom....!
|
Me vurderte eit ørlite sekund om me skulle kjøre t/r Hamburg på èin dag, men vinterføret pluss to stk ungar som blir både høglytte og særdeles sutrete etter x-antall timar i bil, gjorde sitt til at me la inn ei overnatting på hotell i dei 1100 km som skulle kjørast totalt. Etter mykje om og men (og med det meiner eg mine egne diskusjonar med meg sjølv på diverse hotell-nettsider...), så landa valget på dette hotellet:
Hotel & Restaurant Prüser´s Gasthof
Her hadde dei nemleg både svømmebasseng og restaurant på samme plass, og me var ikkje midt i sentrum av Bremen, noko som kunne vere greit i forhold til støy og å gå på tur med hundene. Det var kanskje ikkje verdens mest fancy hotell sånn interiørmessig, men det ble til gjengjeld veid opp for i gjestfrihet, service, mat og svømmebasseng!
Når eg sjekka inn, så sa resepsjonisten at han såg i bookingen at eg skulle ha hund med. "Ja, er det eit problem å ha dei på rommet?" spurte eg. "Neida, så lenge du ikkje tar de med i svømmebassenget går det heilt fint å ha dei på rommet!" Hihi - tenk om alle hotell kunne vore sånn....!
Så etter ein lang kjøretur, der vi vart vitne til nokon stygge ulykker på motorveien (snø, glatte veier og fri fart på motorveien verkar å vere ei suksessoppskrift på nettopp: ulykker. Duh, tyskere.) kunne me endeleg sette oss ned i restauranten, og kose oss med ein knallgod middag. Ungane fekk favoritten sin - fiskepinnar! (yummy....), far fekk biff, og eg bestilte eit-eller-anna-pfanne, som var kalkun, svinekjøtt og biff, med stekte poteter, sopp og løk i bernaisesaus. DET var YUMMY!!! :)
 |
| Ein svolten gjeng!!! |
 |
| Knallgod vin, anbefalast! :) |
 |
| Knoll og Tott, storfornøyd med at dei snart skal få FISKEPINNAR!!! :D |
 |
| Pappa-kos og fòring av Ylva :) |
 |
| Selfie-tid ;) |
 |
| Blæææææ :) |
 |
Desserten vår - crepes med heimalaga vaniljeis og fruktkompott. Yummy-yummy!!!!
|
Etterpå var me så mette at me måtte berre sjå lengselsfullt etter kakene som stod utstillt. Det var rett og slett ikkje fysisk mogleg å få plass til meire mat. (snufs). Eg trur eg må tilbake der, berre for å få smake ein bit av dei ostekakene......!
 |
| Lange blikk på kakene - Joakim ville ha den raude, nederst. :) |
Me hadde ein super runde i basseng og boblebad etterpå, og då var me så trøtte alle saman at det kun var eitt ord som stod i hovudet på oss: LEGGETID!!! :)
Neste morgon så "falt" Luna "tilfeldigvis" oppi senga. Og hørselen slutta heilt å virke også, eller så skjønte ho ikkje norsk lenger, for "gå ned, Luna!", det betydde berre eit blikk som sa: ???
 |
| Først kose med Joakim.... |
 |
| Så kose med Ylva. Joakim forsøker seg på ein myndig peikefinger og "GÅ NED!!", men det skjønte ikkje Luna. :D |
 |
| Joakim måtte peike og forklare til Ylva frå hotellbrosjyren - "her er svømmebassenget, veit du da?" |
 |
| Når Luna vart forvist frå senga, så fant ho seg likegodt ein lenestol. ;) |
Omsider på vei heimatt til Holland, og med den obligatoriske isen på bensinstasjonen i hånd, så var alle happy. :)
(Med unntak av mannen, som ikkje var veldig imponert over køkulturen til tyskarane... Du veit, den kø-kulturen som aldeles ikkje eksisterte, liksom! :D)
Mor skulle vere snill og kjøpe nokon små bamser til frøkna på det ovennevnte bensinstasjon-stoppet... Tidenes DYRASTE småbamser, 8.99 Euro for stykket....! Og det såg eg sjølvsagt ikkje før ETTER eg hadde kjøpt dei. Jaja....
Home-sweet home :) (OK, ei stund igjen til vi var heime, men dog.)
Det vart ein lang dag i dag også, og dei to små måtte ha seg ein aldri så liten powernap. <3