Ein sjeldan gong skjer det dei raraste ting... Som for eksempel at eg klarar å lure med meg både mannfolk, born og svigermor - OG hundane på tur i parken! Det skjer ca. ein gong i skuddåret, så dette fenomenet måtte sjølvsagt dokumenterast for framtida. ;)
Joakim er generelt aldri vanskeleg å spørra om å gå på tur - litt ablegøyefakter på vegen må sjølvsagt til, litt lopper i blodet må jo ut ein plass! :D
Dette bildet får eg vel ta godt vare på, i tilfelle poden skulle bestemma seg for å bli noko sånn stor idrettshelt ein gong på ein måte liksom (kanskje ikkje). Så kan eg sei på TV at "han hadde det tidleg i seg, den guten. Jepp, jajjamensann-jah!"
Luna og Dida vurderte om dei skulle springe avgårde til nokre andre hundar - men Luna vart ståande, tenkt om dei tok ballen hennas! Og når ikkje mamma Luna spring, så heldt stort sett Dida seg på plass ho også. Stoooort sett. ;) Luna er fremst btw, og datterbarnet bakerst - i tilfelle nokon lurte :D
Ylva likar best å gå sine egne veiar - sikkert nokre gener frå sin eminente mor! :P
Litt knall og fall innimellom. Sjekk stilen på never og bein: "hjelp, eg blir skitten! Save me, anyone!"
Fineste Luna med "my preciousssssssss" - ballen sin!
Målretta frøken! Sikkert også noko ho har frå morssida. :P
Ei lita Ylva, fint flankert av frøken Luna og frøken Dida. :)
Finingane mine :)
"Pappa, se!!" (sjølv om farmor seier det ikkje er lov å peike...)
Finaste Pernille-mor <3
Jepp - det gjekk an - å ha heile storfamilien på tur! ;)
Ylva avslutta turen med å gjere som Peppa Pig i tegnefilmane -
"jumping up and down in muddy puddles" - eller noko i den dur:
(sjekk gleden over ein sølepytt! :D)
Joakim heng til tørk! :D
...og Ylva kunne ikkje vera dårlegare enn storebror, så klart! :D
Fine Pernille, tek seg ein liten pust i bakken - men alltid klar til å gi beskjed til "flokken" sin ;)
Go'gutten min :)