søndag 23. november 2014

Julestemning i miniatyr

Før jul er det alltid veldig, veldig kjekt å gå på hagesenteret her i nærheten av oss. Intratuin heiter det, og her lager dei til julestemning så det heldt! Fantastisk fantasifulle og levande figurar og heile landsbyar som dei byggjer opp av miniatyrfigurar. 

Ungane storkosa seg, og me tok turen saman med Borghild, Maria og Sara Elin for å få ein diger dose med julestemning saman :)


Til og med ein liten karusell i anledning jul hadde dei fått :)

Sara Elin kosa seg :)

Og Maria også!

Maria og Ylva studerer det snakkande treet :)

Bestevennar!!!

Togbaner og lys, snø og skog - MASSE å sjå på for småtroll :)

Ylva datt heilt inn i utstillingane :)

... og Joakim var vel så godt som INNI fleire av utstillingane ;)




"Åh WOW, det var KULT!!!" :)




Kjempestilige hus :)

Eg har lyst på ei sånn vindmølle :)








....og eg har KJEMPELYST på ein sånn karusell som snurrer rundt :)



"Se der, mamma!" var refrenget som gjekk heile tida :)




lørdag 22. november 2014

Tid for Sinterklaas igjen!

Tradisjonen tru, så kjem Sinterklaas til Nederland med båt frå Spania. Han og alle Svarte Piet´ane hans reiser då rett forbi huset vårt på kanalen, og det er stor stas og masse folk og musikk i gatene. Me trudde me var ute litt i seinaste laget, og fekk berre kasta på oss ytterklær når me trudde dei kom. Det viste seg at me var både tidleg ute - og at det var ganske så kaldt ute! Dermed vart det ein rask retrett, kjeledress og Sinterklaas-kostymer på - og så bar det ut att for å vera med på opptoget. :)











torsdag 20. november 2014

Modell for dagen - Ylva min

Ikkje så mykje å skriva om denne gongen, eg ville berre visa finaste frøkna når ho sitt i djup konsentrasjon og tegnar. <3 Det perfekte motivet for å leika seg litt med 50mm f/1.8 :)









fredag 14. november 2014

Kostymer og kaker

For å samle inn pengar til veldedighet, så fekk ungane gå med kostyme på skulen ein dag, og også ha med seg pengar til å kjøpe seg eit kakestykke eller to. Foreldra hadde baka og laga til masse greier, og frå meg kom standard utvalg - sjokoladekake og skillingsbollar med egg i. :)




Ylva måtte også få kle seg ut ;)
 Det var eit imponerande utvalg av kaker å ta av:




Piraten Joakim hadde valgets kvaler :)





Han endte faktisk opp med fruktspyd - men det var fordi han trudde Borhild hadde laga dei, og ho er heltinne nr. 1 :D