Eg skal ærleg innrømma at eg var pittelittegranne nervøs når ho skulle hentast på flyplassen på fredag... Vel er det berre 30 minutter til Schiphol, men veien dit er ganske så tett traffikkert, og med 5-fils motorveg føler ein seg ikkje spesielt stor i verda...Men det gjekk over all forventning, og Siv'en vart mottatt med ballonger - og ein strålande blid Joakim, når Siv sa at ho skulle sove i huset vårt! Oooooh, lykke! :D
Me fekk testa ut litt ymse delar av "kulinariske Rijswik" - førstemann ut var den lille kinarestauranten i gamle-Rijswijk (Oud-Rijswijk), der menyen var så godt som uforståeleg for oss stakkars nordmenn. Men med litt tegnspråk og flaks (Peking-and fant me, og så visste me at "kip" var kylling...), så gjekk no det også. Og ein svipptur innom Gall & Gall for å shoppe litt vin og sånt til helga vart det også tid til.... :)
Ellers vart det testa ut diverse takeaway-alternativer, og både spareribs og ein annan pizza-restaurant gjorde god figur, og kan forventa fleire bestillingar i framtida. ;)
http://www.pizzaitaliaexpress-denhaag.nl/ og http://www.spareribexpress.com/bestellen-bij-spare-rib-express-den-haag/ - tommelen opp for begge to!
Lørdagen var det shoppingterapi som stod for tur. Me tok trikken inn til den Haag, og lykken var stor hos undertegnede når me gjekk omtrent rett på ein Desigual-butikk! Etter å ha svirra rundt der ei stund, endte me opp med ein gensar til meg og en knallstilig kjole til Siv'en. Me hadde oss også ein pause på "Swags", der me fekk servert ein deilig Cæsar-salat m.m.
Til slutt skulle me setta kursen heimatt, og trakka fornøgde ned mot trikkholdeplassen. Og me venta. Og venta. Og venta. Og ingen trikk kom. Men det gjorde derimot 5-6 svære politibiler, ambulanse, sykkelpoliti osv.... Akkurat kva som stod på borte på hjørnet der trikken tydelegvis måtte passera forbi, det fekk me i grunnen aldri greie på. Men trikk(ane) kom tilslutt i hopetal, og me fekk trikka oss heimatt til mann og barn.
Søndagen hadde me store planar, då skulle me kjøra 1,5 time til Bataviastad i Lelystad. Ein svær outlet-village med ørtogførti butikkar. Kjempefin plass, med strandpromenade og ei svær, gammal treskute - og nevnte eg ørti butikkar? Me var innom alle sammen, men dei heilt store "kuppa" lot vente på seg. Me endte opp med å være mest fornøgd med Mexx-outlet'n, og eg konstanterer at Bicester Village utanfor London, og også outlet'n i Warszawa hadde fleire "kupp" å by på enn Bataviastad....
Men absolutt verdt turen - sjølv om me begge var småskuffa over utvalget (eller mangel på....) f.eks barneklær. Lite utvalg, og stive prisar. :(
Men absolutt verdt turen - sjølv om me begge var småskuffa over utvalget (eller mangel på....) f.eks barneklær. Lite utvalg, og stive prisar. :(
Uansett - to heftige dagar på shopping, og litt etterlengta "voksentid" saman med verdens beste Siv, det var ikkje å forakte - håper du snart kjem nedatt på besøk! :)











