"When in Rome, do as the Romans" og alt det der, så då tenkte eg at når det stod oppslag i barnehagen om at Halloween skulle feirast, ja, da fekk me vera med på det! Jakta på kostymer starta (som de fleste ting med meg...) litt i siste liten, dvs. ettermiddagen før sjølvaste Halloween....
Poden insisterte på brannmann, for han fant jo sjølvsagt ein sånn pakke i lekebutikken med 1001 duppetittar OG ein fancy hjelm, men etter heftige forhandlingar, og forklaringar på at alle dei duppedittane ikkje kunne få vera med i barnehagen, så vart me enige om å leita vidare. Frøken Tingeling måtte jo også ha eit kostyme. Og ho er akkurat så liten at ho ikkje heilt går inn i "glitre-glitre-super-prinsesse"-kostymene, og mor ville vel helst at ho gjekk i noko anna - av den enkle grunn at ein må jo forsøka litt forskjellige ting FØR dattera kjem i verste prinsesse-alderen....! :P
Men, me fant ein kvit fjør-boa (egentlig ein eller annan form for julepynt trur eg....), og ein kvit pelsvest, og då var idèen klar - lille frøken Trille skulle bli til ei Pernille! Som tenkt, så gjort. Joakim'en vart fornøgd med ein skummel drage-look (vel, ikkje veldig skummel... Heller ganske så skjønn!), og vel heima vart "halen" sydd på, og to flotte mittelspitz-øyrer vart laga med papp, ull, lim, pannebånd og symaskin. :D
Ungane vart sminka etter beste evne på morgonkvisten, og me troppa fornøgde opp i barnehagen. Det me oppdaga at på ungane si avdeling, så var det nærmaste me kom eit kostyme - eit rosa tutu-skjørt. Jaja. Det er godt mine barn er så små endå at traumer av typen: "Det var kun èg som kom utkledd bla-bla-bla" ikkje gjer spesielt store inntrykk endå ;)
Super-søte var dei uansett, og her er bevisa:
torsdag 31. oktober 2013
onsdag 30. oktober 2013
Da e' no alt mulig......!!!
På laurdag var det ein viktig dag. For Bjørnar. Det er egentlig alle laurdagar OG søndagar - for då er det alltid ein eller annan ekstremt viktig fotballkamp som han MÅ sjå. Eg er sjølvsagt ganske uforståande til at ALLE desse kampane kan vera lika viktige - men har etter mange års ekteskap innsett at akkurat denne kampen kan ikkje eg vinna...! ;)
Uansett - eg pakka ungane i bilen for å få handla litt til helga. Eg hadde sikta meg inn på ein av Aldi-butikkane på Megastores, og planen var klar. No skulle eg hamstra inn melk, juice, iste - ja, kort sagt, essensielle drikkevarer som det går ganske mykje av i huset.
Me kom til Aldi, og Houdini 1 og 2 vart plassert i handlevogna. Me raida butikken, og fekk fyllt opp lageret med x-antall 1,5-liter kartonger. Mor var særs fornøgd med seg sjølv - handlinga vart unnagjort fort og effektivt, og mykje meir behagelig enn å slepa ungar med seg i barnevogn inni lokalbutikken, og så slepa med seg heimatt vogn og kun et par varer kvar dag.
Vel - me hadde akkurat fått betalt, og pakka varene i to stappfulle bæreposar. Eg hadde stø kurs mot heisen ut av butikken, og strena avgårde før ungane skulle begynna med sine sedvanlege "eg vil ha ditt og datt"-rutinar. Og der sa det stopp gitt. Ikkje sånn mentalt, altså, men fysisk. Vogna ville pinadø ikkje gå på fram....!
Eg skjønte ingenting. Lydnivået til Knoll og Tott byrja å auka kraftig, for korfor i alle dagar stoppa mamma på ein sånn ufin måte? Så ser eg kva som er gale..... Framme på eine hjulet er det montert ein raud dings. Og etter å ha kasta paniske blikk rundt i butikken, og konstantert at vogna ikkje gjekk på fram for alt i verden - så skjønte eg det.... Det var lås på hjula - lås, som fungerte sånn at ein ikkje SKULLE kunna kjøra den helsikes (pardon my french) vogna ut av butikken!
Og eg hadde ingen back-up plan klar. Trilla til Ylva låg oppe i 3. etg av parkeringshuset, i bilen - som me nødvendigvis måtte komma oss opp til! Og eg var nødvendigvis nødt til å få med meg både varer og ungar oppatt til bilen samtidig.... OK, det var i grunn berre ein ting å gjera - stålsetta seg, mobilisera alt av musklar og viljekraft ein kunne klara, og setja i gong.
Så med blytunge posar, hengande på håndledda, og med godt bøygde knær - for ein måtte jo nå ned til tidligare nevnte Houdini 1 og 2, og hverken Ylva eller Joakim er spesielt høge når ein skal gå på denne måten, og så slepa ungar og posar med seg oppatt i bilen.... Håndledda verka... Skuldrene verka... Topplokket kokte - og eg hadde nokre særs gode idear om kva eg kunne gjort med dei som fant opp den forbaskade hjullåsen....!
Men me kom oss heilskinna gjennom både rulletrapper, heis og parkeringsplass - og innatt i bilen. Og så lurte mannen på kvifor i alle dagar eg var så sur når eg kom heimatt....! Neste gong skal eg sende han avgårde på samme "oppdraget, så får me sjå koss det går! :P
mandag 21. oktober 2013
"Korleis går det?"
"Korleis går da med deko dar nede?" er stort sett det spørsmålet som går igjen. :) Og takk som spør - me har det jo veldig fint her nede! Og så er det jo alltid eit "men". Heldigvis er det berre smådetaljar som er "men", som for eksempel "men smøret er ikkje som heime". Eller "men det er jo veldig mykje trafikk her". Eller "men ein kan bli litt ensom av å gå heime åleine med to ungar heile dagen."
Og sånn er det jo. Det er ikkje alt som er det samme som i Norge - noko er bedre - noko ikkje fullt så bra. Som for eksempel smør - som me no er på 8. pakken for å forsøka å finna eit smør som faktisk smaker smør. For dei pakkane me har vore gjennom til no - dei smaker sånn cirka ingenting, dei.
Og trafikken - fotgjengara er fritt vilt her nede, og ein må holde godt på både ungar og hundar for å unngå katastrofe! Men det er ein vanesak det også - no klarer eg å få gått på tur med både to ungar og tre hundar - utan å få hjertestans annankvart minutt på turen...!
Framskritt kaller ein det - og intens kaoskontroll! :)
Og så er det litt ensomt innimellom... For sjølv om eg heldt kontakten med alle kjente og kjære heime via telefon, mail, facebook og sms, så er det jo noko som manglar... Ein kan ikkje berre stikke innom på besøk til nokon - det er ikkje nokon eg kjenner godt nok til å berre "svippe innom" til enda. Så ja, det kan verta litt ensomt heile dagen mens Bjørnar er på jobb og eg og ungane er heime. Ensomt for meg, og ensomt for ungane. Eg merkar at dei også savner alle "sine" rundt seg.
Men - og her kjem endå eit "men" - me har det veldig bra! Me får oppleva saker og ting saman som me aldri hadde fått oppleva ellers - me ruslar rundt på koselege marknadar stort sett kvar helg, til stor stas for både små og store. Her har dei alt frå ostar i alle størrelsar og variantar, "olie"-boller, nokon velsmakande bollar som blir steikt i frityrgryter, bugnande blomsterboder, og fantastisk god frukt og grønsaker. Så ja - det går bra med oss - men me savner heime & alle våre også.
![]() |
| Ylva og Joakim studerer lirespille-vogna på marked i gamle-Rijswijk |
![]() |
| Denne hesten drar ei svær vogn som spiller musikk. HØG musikk. Eg må sei eg beundrar denne hesten! |
![]() |
| Denne karen ligg midt mellom boder og folk. Utan bånd. Og er triveleg som bare det! :) |
![]() |
| Fineste Luna og datter Dida :) |
![]() |
| Joakim i eigne tankar i hagen :) |
![]() |
| Finaste gutten min <3 |
![]() |
| Masse marihøner her nede - Ylva forsøker å ta alle sammen utan mykje hell ;) |
![]() |
| Djup konsentrasjon :) |
![]() |
| Fineste Dida - det nærmaste me kom eit bilde av ho i heilfigur! :D |
onsdag 16. oktober 2013
Houdini på Ikea....
Innimellom tror jeg folk synes jeg er overhysterisk mht å passe på mine barn. Vel, i løpet av et tusendels sekund var Trollunge 1 på frifot på Ikea... vi fikk testet at rutinene til Ikea funket strålende, og at mors skrekkscenarioer i hodet heldigvis ikke gikk i oppfyllelse!
Rømlingen kom slukøret tilbake med en snill dame, og la fingeren på munnen min: "hysj mamma. Ikke snakk mer" og en lang klem. Mor bannet høyt og inderlig inni seg og priste seg lykkelig samtidig....!
Forbaskade umistelige trollunge!!!!
Rømlingen kom slukøret tilbake med en snill dame, og la fingeren på munnen min: "hysj mamma. Ikke snakk mer" og en lang klem. Mor bannet høyt og inderlig inni seg og priste seg lykkelig samtidig....!
Forbaskade umistelige trollunge!!!!
lørdag 12. oktober 2013
Efteling eventyrpark!!!!
Me var så heldige å få storfint besøk langvegsfrå i helga!
Marie, Nils, Martin og Elise, og Leon og Kristine tok alle sammen fly ned for å besøka oss. Ungane var i 110 over å få besøk av onkler og tanter og ikkje minst - nokon ungar å leka med!!! Joakim messa fast og bestemt på heile veka at: "Onkel Leon kjem klokka sju-nitti!". Så det så.
Veret viste seg ikkje frå si beste side når dei var her, men me var kjempeheldige med flott haustvèr på lørdagen når me reiste til den digre Efteling-parken. Me har jo vore der ein gong tidlegare, i fjor sommar, men kun i nokre timar - og parken er som sagt DIGER, så me rakk ikkje over alt den gongen. Det gjorde me ikkje denne gongen heller, men me fekk i allefall med oss den flotte eventyrskogen, eg og Joakim tok den japanske pagoden høgt opp i lufta, me snurra oss på karusellar og baner, kjørte gammalt damplokomotiv - ja, you name it!
Ungane storkoste seg - og me likeså! :)
Her kjem eit utvalg frå Efteling-turen:
Marie, Nils, Martin og Elise, og Leon og Kristine tok alle sammen fly ned for å besøka oss. Ungane var i 110 over å få besøk av onkler og tanter og ikkje minst - nokon ungar å leka med!!! Joakim messa fast og bestemt på heile veka at: "Onkel Leon kjem klokka sju-nitti!". Så det så.
Veret viste seg ikkje frå si beste side når dei var her, men me var kjempeheldige med flott haustvèr på lørdagen når me reiste til den digre Efteling-parken. Me har jo vore der ein gong tidlegare, i fjor sommar, men kun i nokre timar - og parken er som sagt DIGER, så me rakk ikkje over alt den gongen. Det gjorde me ikkje denne gongen heller, men me fekk i allefall med oss den flotte eventyrskogen, eg og Joakim tok den japanske pagoden høgt opp i lufta, me snurra oss på karusellar og baner, kjørte gammalt damplokomotiv - ja, you name it!
Ungane storkoste seg - og me likeså! :)
Her kjem eit utvalg frå Efteling-turen:
![]() |
| Inngangen til Efteling, Marie og ungene leder an :) |
![]() |
| Gjengen klar for eventyr :) |
![]() |
| Rapunzel i tårnet - heksa som klatrer opp og ned er utrulig livaktig! |
![]() |
| Elise var *litt* skeptisk til denne heksa..... |
![]() |
| ....og Joakim også! :D |
![]() |
| Trygt å ha ein bestefar å holde seg litt fast i... ;) |
![]() |
| Denne gjorde nok størst inntrykk både i fjor og i år på Joakim - drrrrraaaaagen!!! |
![]() |
| (heldigvis var ikkje marie redd) ;) |
![]() |
| Joakim & Ylva synes dragen var någet skummel ;) |
![]() |
| Huset til Hans og Grete inni skogen. |
![]() |
| Spennende!! |
![]() |
| Joakim med stø kurs mot bakeriet med belgiske vafler og smultringer....! (og ja, det er rosa duer her) |
![]() |
| Nam-nam-nam! |
![]() |
| Deilige varme vafler med melis på - mmmmmmmm! |
![]() |
| Gjengen på tur i karusell! |
![]() |
| Jentene så stolte - på togtur rundt i parken! |
![]() |
| Tøffe-tøffe toget! |
![]() |
| Pagoden høgt oppe i lufta, knallutsikt! |
![]() |
| ...noen vågde ikkje å ta turen opp i pagoden.... ;) |
![]() |
| Flott utsikt! |
![]() |
| Her ser man litt av omfanget av parken - den er diiiiiger! |
![]() |
| Diger berg- og dalbane i tre - denne har me ikkje våga oss opp i.... |
![]() |
| Mere utsikt |
![]() |
| Utsikt mot inngangen |
![]() |
| Gjengen på båttur :) |
![]() |
| Pagoden på bakken :) |
Abonner på:
Innlegg (Atom)



















































