tirsdag 1. oktober 2013

Strand og skrubbsår

I helga har det vore eit nydeleg vær i Nederland. Så me bestemte oss for å ta ungane med på trikken for første gong, og reise ned til den digre stranda i Scheveningen. Joakim var aldeles i ekstase over å ta tog - og mindre imponert av moder'n som forsøkte å forklare at ein trikk var eit slags tog det også - berre litt mindre. For eg måtte jo sjå at dette var eit TOG. Sitat slutt. :)

Trikken er jo ein hendig sak - vel og merke for dei som ikkje reiser åleine med to ungar... For å komme seg av og på trikken med vogn åleine, det trur eg rett og slett ikkje eg vågar meg på. Det er tre bratte trappetrinn inn og ut, og på vei nedover til Scheveningen var det enormt med folk, og svært trongt om plassen. Eg er glad me kun hadde tatt med den enkle trilla til Ylva, og ikkje dobbelvogna, for den hadde ikkje kome inn dørene i det heile tatt :-S

Men for Joakim var det STOR stas med tog - eh, trikk! Og Ylva fant seg ei russisk jente som ho hadde lange samtalar med på veien ut mot stranda.
Stranda i Scheveningen er utrulig flott. Finkorna og rein sand, og ungane storkosa seg. Dessverre var det mykje vind når me var der, så det vart fort kaldt. Men strålande forhold for avansert drageflyging - det var det!


To rundar med karusellen på stranda måtte me sjølvsagt også gjennom, til stor glede for poden!




"Fristi" er ein litt sånn uggi-jordbær-aktig drikk som ungane fekk når vi var hadde ein pust i bakken i Scheveningen. Og den fall i smak! Ylva var ytterst bekymra for at eg skulle ta den i frå ho... ;)

Ein av nabokattane, som ikkje verdigar nokon med eit einaste blikk når dei går forbi. Kuleste katt'n :)

Ellers har me vore mykje utanfor i hagen i det fine vèret, og Ylva elsker seilebana dei har der ute. Eg ytra til mannen på lørdag at det nok hadde vore lurt med ei sånn tjukk matte som underlag på brosteinen, men det vart jo sjølvsagt avfeid som totalt unødvendig. Vel, eg skal no velta meg littegranne i sånn "sjå kem so' hadde rett"-dans, for her er altså vakreste Ylva'en vår - FØR og ETTER:
Ylva - FØR (kræsj med brostein...)
Ylva - ETTER kræsj med brostein. Og all huden på nasen vart pent og pyntelig skrella av.... *au-au*
Ylva på seilebana - galskapen lenge leve :D

 Her kjem litt bilde-spam frå hagen, tatt tirsdag 1. oktober:
Ylva og Luna har ein liten prat
Joakim - og Luna i bakgrunnen


Klovnen vår <3

Vakreste Luna, tenk at ho no snart er 9 år <3

Inngangen til "bak-hagen" vår - og Luna igjen :)

Verdens fineste Pernille :)

Alt må sjekkast - også om bladene luktar godt. PS - sjekk spindelvevet bak, me har PLENTY med edderkoppar her... :-S

Nokon har plassert ein veldig vakker ølboks på gjerdet vårt i natt. Nice. Thank you. :P


Det er fleire som etterlyser bilder av Dida'en vår. Og joda, eg har mange bilder av ho. Eg har bilder av snuten.... halen.... ein pote her og der - mesteparten ganske så blurry. For ho KAN-IKKJE-STÅ-I-RO!! Ho jogger fram og tilbake, innimellom, opp, ned, ut, inn - ja, du skjønner kanskje? Og når eg sett meg ned på huk for å komme i rette vinkelen til å fotografere ho - så har eg snuten langt inni linsa, for frøkna går frå 0-100 på ca. 0,3 sek.... Løsningen? Bånd og gjerde - for ungane henger jo etter ho som slips... :P Ikkje at det hindrar dei ifrå å prøva igjen... og igjen.... Uansett - her er frøken Dida, no heile 7 månadar gammal! :)
Ylva heldt godt fast ;) PS I Love You av Ostretunet "Dida"- 7 mnd


Vakthunden vår ved porten ;)


Synes dette vart så fint i svart/kvitt av Luna'en vår :)

Fremdeles blomstrar det i hagen vår :)

Ylva og Luna elsker å susse litt - sekundet etter bildet var tatt - SLURP :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar