Kan godt vera at dette innlegget ikkje egnar seg på trykk i ein blogg. Og at det er slik at "sånne ting" skriv ein ikkje om. Men eg har jo aldri vore heilt kjent for å retta meg etter sånt. Einaste bruksanvisningane som eg følger, det er IKEA sine - og nåde den som foreslår nokon anna måte å skru saman flatpakka møblar på, det går eg berre ikkje med på... Men som sagt, sånn blogg-messig kan vel dette innlegget vera litt på kanten.
Well, here goes. There´s a new guy in town.... I dag tok eg det store skrittet. Eg slo opp. For sjølv om han var både mørkhåra og fyrrig, og snurra rundt på ein femøring for å vise seg, så følte eg meg so begrensa. "Ikkje lenger enn hit" "Stopp no, dette vært for langt". "No synes eg det er nok, no får du gje deg" var beskjedar eg fekk. Og så var det oftare og oftare at han berre stengte meg heilt ute. Ville liksom ikkje noko, uansett kor mykje eg prøvde. Eg kjente eg vart irritert. Beint fram forbanna innimellom. Men eg ville liksom ikkje visa det heller - for innerst inne so visste eg jo at han gjorde så godt han kunne... Og når forholdet vårt var nytt, så var jo alt spennande og sånn, men eg måtte berre innsjå at mine behov kunne aldri verta tilfredsstillt. Ikkje slik som dei burde verta. Og det var berre ikkje godt nok lenger....
Forsiktig byrja eg å sjå over kva verda hadde å by på. Og eg fant etterkvart ut at eg trong ikkje å ta til takke med det som berre var halvgodt. Og at berre fordi ein var mørk, høglytt og brauten, så var det faktisk andre som kunne by på så mykje meir.
Til slutt forelska eg meg... I ein tyskar... Med lyseblå vest, og matchende detaljar i kremkvitt og ruter. Ikkje hverken macho eller høglytt. Men stillferdig og avbalansert. Ein roleg kar, men med store, svulmande musklar under det vakre ytre... Som var fleksibel, villig til å gjere ting på min måte. Og som gjorde meg lukkeleg på måtar eg aldri hadde drøymt om. Han lytta, og han handla. Og eg tenkte fleire gongar i dag: "Kvifor gjorde eg ikkje dette før? Kvifor har eg venta så lenge, og kasta vekk all denne tida på å irritere meg over ex´n??"
I dag tok eg valget - eg heiv han på dør. Eg bytta ut ein "B" med ein annan "B". For "Bomann", som ex´n heiter, rauk ut til fordel for ein Bosch. Og ein finare støvsugar skal du pinadø leite lenge etter! ;)
I´M IN LOVE!!!!!! :D
(og for dei som var litt bekymra - den tobeinte "B"-en, han har kome for å bli ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar