torsdag 27. mars 2014

Joakim på skuleintervju

Tenk, vesle go´gutten vår skal snart byrja på skulen.... Ja, det er mykje tidlegare enn heime, for her nede i Nederland er det vanleg å starta når dei er 4 år. På den Britiske skulen startar ungane når dei er berre 3 år.... Og eg har gått mange, mange rundar med meg sjølv rundt dette. Tanken på at vesle, viltre, rampeguten min skulle klare å holda ut ein heil skuledag slik skulen er i mitt hovud, det var rett og slett ganske utenkeleg... For han som ikkje klarer å sitte i ro på stolen med ein vanleg middag eingong, korleis i alle dagar skulle det gå i ein skuletime?

Men, alternativa var ikkje så mange. At Ylva skulle gå i barnehage 4 dagar i veka mens Joakim skulle vera heime med meg heile tida - det virka endå meire kjedeleg for han, for alle andre ungar er jo vekke om dagane også. Så eg bestemte meg for at me skulle i allefall undersøka rundt alle tilboda, og sjå korleis det verkeleg var på skulen for ein fireåring.

Som sagt, så gjort. Søknad vart omsider sendt til den britiske skulen i den Haag, då eg hadde høyrt mykje positivt om denne skulen, og eg likte det eg såg på heimesidene deira av bilder og informasjon.

Men om eg likte skulen - så var det slettes ikkje sikkert at Joakim ville gjera det - ei heller om skulen ville lika han! (dramatisk musikk i bakgrunnen). For først måtte me komma på intervju. Med poden.

Formaningane var mange og lange den morgonen. Ylva vart kjørt i barnehagen, og mor hadde store kvaler for å la sitt einaste datterbarn vera "åleine" der utan storebror - noko frøkna sjølvsagt blåste ein lang marsj i, og vinka fint avgårde både mor og storebror ut dørene. So mykje for den dramatiseringa i hovudet mitt om hylskrikande, utrøsteleg datterbarn. ;)

Me kom til den britiske skulen i god tid før intervjuet, og Joakim var klar som eit egg.
Visittkort rundt halsen - da var stooor stas! Poden følte seg rimelig important. Han hadde til og med fått ein dæsj av pappa sin hårgelè om morgonen, så formen var på topp!

Nøyaktig på avtalt tidspunkt klokka 12:00 vart me vist inn på eit kontor, der poden skulle "målast og veiast" - eller rettare sagt, ho skulle sjå på korleis han leika seg, på manerane hans, på språk, koordinasjon, og korleis han var i det store og heile. Treng eg å sei at eg kaldsvetta og var ganske så nervøs??? For vel er han gullungen min og finaste på heile jorda, men jaggu kan han vera eit troll når han sitt rette sida til også....! :-S 

Men ikkje i dag - i dag var han berre verdens største sjarmtroll. Og sidan ho som intervjua oss var blond, så fekk ho litt ekstra dulgte blikk og store smil frå knotten - han har jo ein ganske så tydeleg "fetisj" for blonde damer av ein eller annan grunn. ;)

Etter litt prating og leiking mellom Joakim og dama, så imponerte han sin mor stort. For han ramsa opp fargane på nokon leikebilar - på ENGELSK! Ikkje veit eg kor han har lært det frå, eg berre veit at det er ikkje eg som har lært han det. "Yellow, red, blue og green" sa han, mens han peika fornøgd på dei rette bilane. Morshjerta svulma umiddelbart til gigantiske proporsjonar, og i det fjerne såg eg den nye Albert Einstein. Eller noko sånt. :P

Etter at intervjuet var ferdig vart me vist rundt på skulen - og FOR ein skule! I klasserommet som Joakim skal gå i, var det langt i frå dei rekkene med pultar og dårlege stolar foran ei tavle som eg hadde sett for meg. Det var små bord plassert i grupper, der dei kunne gjere alt frå å bygge med lego til å tegne dinosaurar. Eit eige "plaskebord" hadde dei også, med vannpistolar! 

Det er kanskje ikkje nødvendig å sei at Joakim var heilt enig med å starte på skulen. Med èin gong. Og at skuffelsen vart stoooooor når han skjønte at han ikkje kunne det i dag. Men i september, då satsar me på at han skal byrja, og før den tid - så må skuleuniform på plass! :)

Hide n´ seek, ville ikkje heimatt, nei!

"Stå i ro, din rakkarunge!" (heldigvis såg ikkje skuledama dette...)

Litt trist og lei når mor måtte forklara at han kunne ikkje byrja på skulen i dag. :(
 Etter intervjuet hadde eg og Joakim litt etterlengta mor-sønn-tid, heilt åleine saman. Det er ikkje ofte det skjer, så me utnytta det til det fulle. Først ein runde med litt shopping på Primark - der fant poden seg ein stilig hatt som han fekk i belønning for at han var så flink på skulen - og fordi mor synes hatten var ganske kul også.... ;)


Sjarmtrollet mitt :)
 Så avslutta me med ein real dose med Poffertjes - minipannekaker kan vel det oversetjas til?, før Joakim huska at han hadde ei lillesøster i barnehagen. "Mamma, no må me henta Ylva, for no sitt ho sikkert å e´ lei seg!". Det var ho ikkje, men me henta ho litt tidleg allikavel. :)



søndag 16. mars 2014

SNØ!!! + dåpsdag for Daniella

Det er ein ting som Joakim har snakka om i heile vinter. SNØ!!! Kortid kjem snøen, kjem det snø no, kvifor snør det ikkje osv osv. Men ingen snø i sikte, det har berre vore ein lang, lang haust. Så når ungane stod opp til kvite marker utanfor huset dagen etter ankomst på Nordanger - då var gleda stor!!!

Vel var det ikkje mykje snø å skryta av, men akkurat nok til at me fekk testa nokre rundar med akebrettet OG bygd ein aldeles fortreffeleg snømann. Joakim vart litt fortvila når eg rulla snøballar for: "MAMMA - STOPP!!! Du ødelegger jo snøen jo!". Og det var forsåvidt sant, men eg fekk godkjenning til å laga snømannen ferdig.







Som om ikkje det var nok med snø på denne flotte søndagen, så var skulle me også på fest!
Me var så heldige at Cato og Renathe snudde seg fort rundt når dei hørte at me skulle følgja Gitten heimatt til Norge - og arrangerte dåp for vår vesle niese når me var heime.

Riktignok vart det såvidt at me rakk kyrkja, for klokka i bilen til Bjørnar gjekk sjølvsagt feil.... Så eg trudde me skulle nå fram et kvarter før gudstjenesta skulle starta - vel, det gjorde me ikkje. Men me kom oss på plass på benken før klokkene byrja å ringe, så det må vel vera godkjent? ;)

Det var kjempekjekt å få med oss den store dagen, og sjølv om eg hadde grua meg litt (ganske mykje!) for uutholdelege minuttar (eller timar...) "åleine" (dvs. utan Bjørnar, som var igjen i Nederland) i kyrkja med utålmodige små troll, så gjorde både Joakim og Ylva mine verste mareritt til skamme. For Ylva-frøkna, ho sovna så snart ho fekk sitta i fanget til Besten, og Joakim han inntok "rampelyset" på søndagsskulen, med ballongtramping, skodespel og tenning av lys. (Alt for å holda dei i aktivitet!)

"Seint ute, som vanleg, ja?" sa dette blikket når me satte oss i kyrkja. Jaja, veslesøster :D

Ylva var grepet av stundens alvor......

-men ikkje så veldig lenge! :D

Joakim fant fort ut at det var mykje kulare å sitte i fanget til tanto enn hjå mammo ;)

Og Ylva fant Vilde, så då var eg plutseleg fri for ungar! :D

Besto passer på jentene sine :)

Dei stolte foreldrene med vesle Daniella <3

Fiiiine dåpssalmen :)

Einaste dåpsbarnet som ikkje grein når ho vart døypt :)
 Heldigvis var det søndagsskule for dei små i den litt langdryge gudstenesta, så få fekk rampeungane litt utløp for energi ;)








Joakim tok føring på søndagsskulen også, han tente lys og spelte Josef og det var ikkje måte på alt han kunne gjera ;)

Ylva synes at det var veldig greit å ha ei tante som ho kunne kosa litt med <3
 Etter kyrkjetid bar det avgårde til Øksnes for å feira den store dagen. Nedenfør følgjer litt bilde-spam:



Stilige lysestaker ;)


Litt onkel-kos :)

Dei tre fetterane i alvorleg Ipad-ing ;)























Ylva vart veldig fornærma når det var tomt for snop i veska til mamma ;)

....så ho måtte beklaga seg til både besto og tanto:


 ...og sjølvsagt hadde tanto litt snop i bakhand ;)




Gratulerer med dåpsdagen, vesle Daniella!