torsdag 6. mars 2014

CRUFTS 2014!!! (Groenendael først)

OMSIDER var dagen kommet - avreise for Crufts 2014 i Birmingham, England stod for tur! Verdens beste Berlingo nøye pakka og klar til avreise, og onsdags morgen var det berre å putta ungene i bilen, og sette kurs for Schiphol for å hente Ada og Dustin.

Sjølvsagt byrja ikkje turen så veldig bra, for det var kø nesten hele veien til flyplassen....
Hurra.... Stilleståande kø på motorveien, ingenting som er gøyere enn det, vel?


Eineste fordelen var at eg fikk knipsa to landskapsbilder - mens eg stod i kø. I midterste felt. Før det kom ein bil opp i det ytterste feltet, og sjåføren nesten tissa på seg når han såg at eg satt med ei diger linse oppi fjeset hans.... *hihi*

Eurotunnelen fra Calais til Dover var aldeles genial!!! Så lenge ein huskar på å svinge inn på Pet Control-huset før ein forsøker å sjekka inn, så gjekk det (bokstaveleg talt!) på skinner å ta tog under den engelske kanalen. Og ungane - spesielt Joakim - var mildt sagt i ekstase over å kjøra tog - under sjøen! Ikkje det at me sågså veldig mykje av dette, men fantasien til poden trur eg holdt lenge nok for oss alle saman ;)

"No kjører me under sjøen, mamma!!!"
Heldigvis var det ikkje kø ellers på vegen, og turen til Birmingham gjekk overraskande bra. Til og med overgangen frå "rett til feil" side på vegen i England gjekk over all forventning, og i sekstida på kvelden kom me fram til hotellet vårt; Brittania Hotel i Coventry.

Her hadde me det litt *moro* på rommet, for me hadde altså kun glovarmt vatn i dusjen - og ikkje kaldt vatn hverken i toalettet eller i dusjen. Eg er normalt ikkje ein person som klagar, men til slutt så hadde den godeste fru Nordanger vore ute i resepsjonen 4 gonger for å spørre etter nytt rom - eller nokon som kunne fiksa det forbaska vatnet - og dei slutta til slutt berre å ta telefonen trur eg når dei såg at det var vårt rom som ringte....! Veldig kjekt, spesielt når ein har to ungar som såg ut som små grisar etter diverse "lettvinte" fòringsløsningar i bilen - is, brus, McDonalds mens me kjørte osv - så var på ein måte behovet for ein vask ganske så reell.....! Omsider - når klokka var halv tolv om kvelden (!!!!), då kom reperatøren. Og OMSIDER kunne me få vaska to skitne barn, og slukka lyset så alle fekk "landa" for kvelden. PUH!

Neste dag var det avgårde for å bivåne belgarane i ringen. Dvs, Ada skulle stilla både Dustin, og hennes datter Kali fra Portugal. Og ikkje eingong ringnummeret betydde ulykke (13 er nok Ada's nye lykketall!), for trur du ikkje frøkna klinte til og vant heile greiene? Kali vart altså best i rasen på Crufts, kan du tenka deg??? :D Knallgøy, og vel fortjent! :)

Ein av Neos sønner var også på utstillinga, vakreste gutten; Legacy av Vikholmen. Han var fiiiiiiiin :)

Legacy av Vikholmen - *love*

Joakim hadde pynta seg med groenendael-gensar for anledningen, og han og lillesøster Ylva var (stort sett) greie å ha med å gjere på utstillinga. Så lenge me ikkje stod i ro. Så undertegnede gjekk. Og gjekk. Og gjekk. Og gjekk. Og det er ikkje enkelt å gå på Crufts, for det er så himla mykje folk, og ikkje ein tøddel som flyttar seg for nokon. Ekstra gøy med dobbel barnevogn - eg er berre så glad eg hadde denne der dei sitt etter kvarandre, og ikkje to i bredden - for då trur eg ikkje eg hadde kome meg av flekken! :P

Vakre Revloch Figo. Love him too! :)

Revloch Figo :) (Peek-a-boo!)

Sjekk blikket til Ada - mildt overbærende? Og Knoll og Tott som forsøker seg på eit av sine mange utbrytarnummer.... ;)

 
Nokon belgere er gladere enn andre ;)

Men han kunne stå pent også - innimellom ;)

Rampejenta Ylva ;)

Ylva er generelt sett meire lydig når ho "er" hund enn når ho er seg sjølv. Her er ein demonstrasjon på "dekk og bli" - funkar som berre rakker'n ;)

Joakim og blondinene hans. ;) Ada og Tanja - supre, blonde entertainere for ein rampegutt med lopper i blodet! :)

Hihi :D

Fineste jentene - Ada & Kali :)



De svarte hadde ei veldig kjekk dame som var dommer, og ho elska Kali fra topp til tå :)

Adas nye lykkenummer!

Crufts-gjengen venter i spenning.....!

Joakim og Dustin studerer konkurransen nøye...

Usikker på kva klasse dette var, men det er i allefall Kali som står bakerst på bildet.

 
Små rampejenter må innimellom ha litt ladetid, og det er godt både for små rampejenter og rampemammaer....! ;)

Tanja ble "hyrt inn" som superhandler når Ada ikkje hadde nok hender og føtter til å stille sine vakre jenter ;) Noe Tanja tok med stooooort alvor (det ser i allefall sånn ut!) *hihi*

Happy-happy-happy!

 
 Tanja med Kali - nr 1 i Open Class, og Ada med Dustin, nr. 2 i Open Class!

*vifter med rosettene* :d

Ada var så heldig at ho vart intervjua rett etter alle dei ørti rundane i ringen. Eg skal sjå om eg kan finna ein link til intervjuet ;)


 
BIR og BIM - fiiiiineste <3


På slutten av dagen forsøkte eg å putta rampeungane i det fine, rosa reiseburet mitt. Funka som berre rakker'n - i 2 sekunder..... ;)

Omsider heime etter ein laaaaang dag på utstilling - dei er ganske søte når dei søv.... Og ikkje lenge etterpå var det game over for yours truly også.

Dustin tok oppgåva som "bedsitter" svært alvorleg. :) Flokken måtte holdast samla! :D
 
Dagen etter hadde me "fri" frå utstilling, og fekk trimma shoppingmusklane litt på diverse kjekke butikkar ikkje langt frå hotellet. Så hadde me ca. 10 bomturar mens me forsøkte å finna ein kinarestaurant - før me endeleg traff mål, og fekk med oss ein real ladning med kinamat. Så var det berre å kuske tilbake til hotellet, plaske litt rundt i bassenget (turens høgdepunkt, ref. Joakim og Ylva!), før neste dag og mittelspitz-utstillinga!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar