Blogging er nok ein sånn overskuddsgreie her i huset. Og det har tydelegvis ikkje vore meire overskudd å ta av dei siste månadane. For no har pinadø bloggen lagt brakk sidan april - ikkje bra! Men eg får forsøka å komma ajour igjen.
Mykje av grunnen til at bloggen har lagt på is, har vore eit altoppslukande fotoprosjekt der eg har skrevet ei eventyrbok med og om mine to rakkarungar. Hovudtrekka var at dei på mystisk vis krympa til bittesmå, og la ut på ulovlege eventyr med strabasiøse utfordringar for bittesmå born. Og dette skulle fotograferast, manipulerast og setjast i samanheng - og var (sjølvsagt) ein mykje større tidstjuv enn eg hadde trudd (som det meste jo er...)
I tillegg skulle ferien heim til gamlelandet planleggast og administrerast, krydra med eit anna, endå meire personleg prosjekt - nemleg "ordentlige" familiebilder - av heile familien Ramp - eh, Nordanger. Og eg er jo ikkje akkurat kjent for å vera lite detalj-fiksert når det gjeldt eit par ting (jada, les: alt her i livet...), så det gjekk med nokre timar med prøving og feiling av kleskombinasjoner m.m. - noko familyen satte særs stor pris på. (jepp, relativt ironisk her, ja.)
Men gleden var stor (frå mi sida) når dagen endeleg kom - lokasjon var bestemt, og flinkaste fotograf Anne Kolstad Morken var booka inn for å foreviga yours truly. Og sjølv om det var "spøkje vèr" med regn og vind tidlegare på dagen, vart det supert fotovèr i akkurat rett tid, med overskya og opplett. Jeeeeeeeeei - oh, man var så lykkeleg!!! :D
Men det holdt faktisk på å gå rablande galt med heile fotograferinga - før det i det heile tatt hadde byrja. For etter å ha fått klær på både mann og born, med klesbytte og nødvendige rekvisitta i bilen, så var det rett og slett ikkje tid til siste finishen på "verket", nemleg falske negler. For det kunne jo henda at mine stakkars nedbitte negler kom i fokus, og det kunne eg berre ikkje ha noko av. Så eg hadde kjøpt inn negler med lim på - trudde eg. Plug-and-play, for å sei det slik. Men det hadde eg ikkje. Så den som satt med ein heilt uåpna, ny pakke med neglelim i bilen på vei til fotoshoot, det var meg. Og limen måtte sjølvsagt åpnast på ein eller annan måte.
Ingen saks eller kniv var tilgjengelig, og resolutt tok eg tennene fatt. Eg skulle jo berre bita av tuppen av limtuben.... Og i det sekundet eg beit til, så kjente eg limsmaken..... Og i ein brøkdel av eit sekund klarte eg å tenka så raskt at eg gapa så høgt eg kunne, samstundes som tunga vart rekt ut i beste rakkarunge-stil. (eg sa ikkje ein lyd, så heldigvis oppdaga ingen i bilen kva som skjedde.....) Resultatet vart heldigvis IKKJE at tunga, leppene og tennene vart limt saman, men både tenner og tunge var dekka av lynlim i nokre dagar. Ein litt rar følelse, men utan tvil å foretrekka framfor alternativet.... Moralen er uansett - aldri prøv å bite over ein tube med lynlim. Ever!
Så, med falske negler og stæsja frå topp til tå, hadde me ein superkjekk runde rundt på Manger med Anne. Og litt av resultatet skal dere få sjå her - no blir luksusproblemet mitt å finna ut kva for bilete som skal få hedersplassen på stoveveggen.... Time will tell! ;)
 |
| Eg har så sansen for denne "gamle" effekten på bilder - og eg berre elskar denne veggen med dei gamle vinduene på Manger! Eg håper aldri at desse vindauga eller veggen vert malt! :D |
 |
| Blikket til Ylva og Joakim var ubetalelig :D |
 |
| Nevnte eg detalj-fiksering? Og sjekk dei fine neglene mine!!! :D |
 |
| Verdens beste guttar :) |
 |
Har vi verdens finaste jente, eller er jo berre verdens finaste? *hjertesukk*
|
 |
| Joakim var litt skeptiskt til alle denne sussinga.... ;) |
 |
| "For a little guy, I´m a BIG deal" - og det er han - go´gutten vår :) |
 |
| Finaste rampeungane <3 |
 |
| Ylva gjentok eit ord ho har lært seg veldig godt: "HUNDEBÆSJ!" Men det var ikkje det - det var saueBÆSJ ;) |
 |
| Rampegutten Joakim - finaste gutten på jord :) |
 |
| Og så måtte me foreviga søstrene Snuse også - til stor protest frå lillesøster Ann-Kristin. Ho var med som dedikert oppmerksomhets-fangar til rampeungane, og fullførte oppgåva med glans! (som alltid - ho er jo tross alt søstra mi, og like detaljfiksert.....*hehe*) |
Tusen, tusen takk til Anne Kolstad Morken for fantastiske bilder - eg kan ikkje få sagt kor glad eg er i desse bildene!!!! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar