søndag 1. mars 2015

Ny Tysklandstur

Etter x-antall veker på verksted i Tyskland, var bilen vår omsider klar for å reise heimatt til oss. Me gjorde ein weekend-tur av det, og reiste avgarde til Cloppenburg i Tyskland på fredags ettermiddag.

Der hadde me leiga ein heil leilighet for natta på Schäfers Hotel, og vart super-overraska over både størrelse og standard når me kom fram. Det gjorde ikkje saken verre at det var ei supertriveleg handlegate i Cloppenburg, og ein artig hurtig-kinamat tvers over gata, der ein fekk full middag (og vel så det) for ca. 15 Euro. :) Absolutt ein triveleg, liten by som fristar til fleire stopp.

Laurdagen gjekk turen til Hamburg for å hente bilen, før me hadde eit aldri så lite pit-stop på eit digert kjøpesenter utanfor Bremen (Weserpark heitte det). Me rakk berre å få runda den svære matbutikken der inne, og det gjekk pinadø nokre timar berre der...! Eg trudde det var store matbutikkar i Nederland, men det var ingenting i forhold til denne! :D

Så kjørte me til neste stopp for natta, Hannes Landgut i Varel. Eit nydeleg hus ute på landsbygda, som eigarane har bygd om til ferieleilighetar. Og om me var fornøyde i Cloppenburg, så var me OVERHAPPY i Varel! Kjempestilig innredning, flotte rom - og så gleda me oss veeeeeeldig til svømmebassenget der. Men det var så grisekaldt at både mor og barn berre kom seg nedi til knærne, før me tok ein rask retrett til eit varmt badekar i staden...! ;)

Søndagen kom, og me ville sjå Afslutdijk som vart bygd i c. 1930. For dei som er interesserte, ligg det masse info her: http://en.wikipedia.org/wiki/Afsluitdijk

Det var riktignok "berre" ein motorveg med sjø på begge sider, men absolutt kjekt å ha gjort det også. 

Alt i alt, ein super weekendtur litt på kryss og tvers i denne delen av Tyskland :)


Litt bilder måtte eg jo også forsøka meg på, desse er fotografert i hagen hos Hannes Landgut:


Vanskelig det med "smile fint til mamma" for tida...!

Det blir liksom galt okke som! :D

"Eg vil ikkje ha klem, Ylva!" :D


"Mamma - Joakim seier nei te meg" :(

Ein liten kläm vart det visst likevel :)
Vel heime hadde me storfint besøk i hagen, og dei måtte også forevigast. Eg tviler på me kjem til å ha grønne papegøyar i trærne heime på Nordanger ;)

OK, ingen papegøye - men ei due som Pernille irriterer seg grønn på ;)





1 kommentar: