onsdag 27. november 2013

Ekstremsport!

I dag har eg kjørt tidenes ekstremsport-øvelse; både fysisk og mentalt. For det å ha poden og Tingeling med på julegavehandling, det er noko som kan ta heilt knekken på sjølv dei tøffaste!

Første hinder var den fiiine, søte, små smykke- og veskebutikken i vår vesle bysentrum. Man var ganske så optimistisk når øvelsen starta, men skjønte fort at lovnadar om smultringer med blå og rosa glasur på ikke ville holda stand lenge, når det foran kassen stod ikkje mindre enn tre stk godt voksne damer, som alle skulle bruka F*O*R*E*V*E*R på å plukka seg ut eit smykke.....

Og mors verste anelsar vart fort eit faktum, for ikkje før poden hadde dratt ned tre-fire poshe vesker på eine veggen, så hadde Tingeling åpna ein monter og sprang lykkeleg avgårde med nokre glitrande smykker på andre sida...

Merkeleg nok så tek ikkje ungane det spesielt tungt opp at mor står og forsøker mellom samanbitte tenner og med eit trivelig tonefall og tidenes stivaste smil om munnen å seie: "nei, no skal me oppføra oss fint her, og IKKJE røra NOKO SOM HELST her inne....!!!!!". Den beskjeden kan ein egentleg berre la vera å komma med, for det går jo berre ikkje inn whatsoever...!

Heldigvis vart øvelsen godkjent, og ekspeditøren åpna elskverdig (/overlykkeleg) døra for oss på vei ut igjen, og orden og ro senka seg igjen over glitter og glamour.

Neste stopp var ein av butikkane med den überkule kombinasjonen av klær og lekar og alt mulig anna dill. Heldigvis fant Tingeling ut at det passa med ein liten lur i vogna, så då var det "kun" poden igjen som ein skulle ha oversikten på. Ein vart ganske så svett her også, og til slutt måtte den strenge moderen innsjå at for å fullføra med stil vart det nødvendig å inngå kompromiss med poden. Ein pakke med modellkitt skulle få vera med oss heimatt, og alle hjerter var igjen glade og fornøyde.

Lista vart langt får komplett, men når ein er utrent i gamet er det ikkje vits i å utfordra skjebnen for mykje. Pakkar, pode og prinsesse vart putta i bilen, og heimatt bar det. Tenker shoppingmusklane kjem til å vera støl i fleire dagar etter denne seansen... ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar