mandag 18. november 2013

Julenissen?! I november?

Det er artig å sjå forskjellane mellom Norge og Nederland. Ein skulle kanskje ikkje tru at det er så mykje som er forskjellig, men det dukkar stadig opp nye overraskelsar. For eksempel dette med julenissen. For over alt kor eg går, så er det oppslag om når "Sinterklaas" kjem. Noko eg oversatte til Santa Claus - sjølvaste julenissen. Eg synes liksom det var vel tidleg at han skulle komma alleveiar, me er tross alt berre kome til november, men tenkte ikkje så mykje meire over det.

Og Sinterklaas, han kjem med båt, av alle ting. Hmmm, fleire mystiske forskjellar. Ikkje ei heilt typisk nisselue heller, og så har han ein hjelpar som heite "Swarte Piet" - Svartepetter!

Vel, det viser seg at Sinterklaas ikkje er det samme som julenissen....

Sinterklaas og Zwarte Piet :)
 
Sinterklaas er altså den nederlandske versjonen av Sankt Nikolas, som blir feira 5.-6 desember. Den hellige Nikolas var biskop i Lilleasia, og døde midt på 300-talet. Ifølge legendane hjalp han fattigfolk med gåver, og Sinterklaas har også gitt navn til den amerikanske julenissen Santa Claus.
(Så eg hadde i allefall noko rett - på ein måte. :))
 
Og kvart år så blir Sinterklaas sin offisielle ankomst feira i ulike byar i Nederland. Og han kjem tradisjonelt sett "frå Spania", med ein dampbåt. Sinterklaas er kledt i biskopdrakt, og har på seg ein "mitra" (bispelue) og stav, og i Amsterdam rir han med hesten sitt til det kongelege slottet der barna venter på han.
 
Sinterklaas sin medhjelpar; Zwarte Piet, blir feilaktig antatt å vera negerslave. Det som er sant, er at han er svart av sot etter å ha klatra opp og ned skorsteinspiper. Zwarte Piet kastar godteri og peppernøtter til alle snille barn, og tidligare trua ein med at slemme barn vart tatt med tilbake til Spania i sekken hans.
 
Dagen før Sankt Nikolas-dagen, altså på Nilsmesseaften 5. desember, kjem Sinterklaas med presangar, først og fremst til ungane. Det er ikkje uvanlig at ein sitt fram ein sko, som ein kan putte ei gulrot i til Sinterklaas' hest, og så putter Sinterklaas smågaver i skoen til neste dag.
 
 
 
Eg kjenner eg gleder meg allerede, for tenk kor heldige me er då - først skal me feira Sinterklaas-dagen, og så setter me i gang med juleforberedelsane for fullt etterpå
- tipper Joakim og Ylva kjem til å synes det er stas!
 
Mammaen deira gjer i allefall det - eg trur eg er verre enn ungane! ;)
 
Den ekte julenissen: "...er det noen snille barn der ute....?"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar