Lørdagen kom, og været var ganske bra. Det frista voldsomt til å få brent av litt energi på både to- og firbeinte. Ikkje alltid så enkelt å kombinera, for rundt i gata der me bur er det begrensa med gode turområder. Så tur har foregått enten med ungane i vogn og hundane i bånd - ganske kaotisk dei første gangane, men etterkvart har me fått taket på det alle saman. Eller så har eg gått åleine med hundane/ungane.
No skulle ein imidlertidig pusha litt grenser. Etter eit vellykka 3. forsøk på å få den flotte sykkelvogna inn i finaste Berlingoen (med demonterte bur, nøye balansert på hattehylla osv osv) var me klare. Mor, to barn og tre hundar - alle klare som egg til å gå på tur!
Me satte kursen mot Abtswoudse Bos, ein park som vart anlagt i år 2000. Her er det flotte grusvegar, store, opne markar, samt mykje våtmark og skog. Her kan hundane springa lause, og det er rett og slett kjempefint å gå her. Og med sykkelvogna var det mulig å få med seg Joakim og Ylva på litt lengre tur enn ein normalt gjer med desse to mini-Einsteins/Houdinis (alt må undersøkast, og så må ein alltid springa andre vegen enn der ein faktisk skal....)
Vel, her er nokon av bildene eg tok på turen - har jo fått ein veldig tidlig julegåve hjå mannen, så det nye Canon 70D måtte testast, saman med finaste nye linsa; 24-104mm. Eg har nok eindel igjen å setja meg inn i på kameraet, men så langt virkar det veeeeeldig lovande!!! :)
På turen møtte me ein kar med hund, som stoppa for å prate litt. Han sa: "3 dogs and 2 children, that is BUSY!". Hvorpå eg tørt repliserte: "Noooo, it´s not busy.... It´s CRAZY!" ;) Og det er det jo. ;)
 |
| ...ingen som kan gå samme vei, nei....! |
 |
| Usikker på om Ylva ber til høgare makter her...? |
 |
| Små og store kosar seg :) |
 |
| Trollungen - BÅDE stjelt Kvikk-Lunsj i vogna, OG hoppa i søledam.... |
 |
| Joakim viser vei :) |
 |
| Full fart forover!! |
 |
| :) |
 |
| Masse svaner og fugler generelt i parken |
 |
| Datter Luna med mamma Luna i hælane :) |
 |
| Ganske grå dag, men likevel - eit inntrykk av landskapet. |
 |
| Flott tilrettelagt for turgåare :) |
 |
| Dida trimmer Luna ;) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar